Kyndig kursing av dei beste lærarane, fleire konsertar og ikkje minst vener i eit stort og triveleg folkemusikkmiljø som varar livet ut.
Kursa på Strunkeveko samlar sjølve kjernen av den folkemusikken og folkedansen me finn i Noreg i dag. Hardingfele, vanleg fele, langeleik, toradar, song, halling, munnharpe, konsertproduksjon og pardans står på kursprogrammet, og deltakarane får opplæring i heile spekteret av den disiplinen dei deltek i (repertoar, teknikk, intonasjon, rytmikk) både i gruppe og individuelt.
Under Strunkeveko får deltakarane også øving i å stå fram med musikken og dansen på ei scene. Dei er hovudaktørar på to konsertar; den uhøgtidelege sjokoladekappleiken og den meir formelle avslutningskonserten, med opp mot 300 tilskodarar.
Skal du delta på Jørn Hilme-stemnet? Då er Strunkeveko ei kjempefin oppkøyring og øvingsarena!
Les mer om aktiviteten her:
http://www.strunkeveko.no