– til fremme av klassisk musikk
og norsk tradisjonsmusikk

Sunnhordland Sumarkorps

Eit sommarprosjekt som sidan 2020 har samla unge korpsmusikantar frå heile Sunnhordland til ei intensiv øvingsveke saman med profesjonelle musikarar. Deltakarane er i alderen 14–30 år, og prosjektet er meint som eit tilbod til dei som ønskjer større musikalske utfordringar enn det dei til vanleg får i sine lokale korps. Kjernen i prosjektet er samspel. Me har tru på at ein lærer mykje av å sitja ved sida av ein profesjonell musikar, høyra korleis dei tenkjer, og erfara kva som krevst i eit profesjonelt arbeidsmiljø.

Sunnhordland Sumarkorps har som mål å vere ein arena der unge musikantar får møte eit høgare musikalsk nivå, spele saman med dyktige amatørar og profesjonelle musikarar og få erfaring frå eit større ensemble. Den auka rekrutteringa frå skulekorpsa viser at prosjektet i større grad når denne målgruppa.

Eit av dei mest positive resultata frå 2026-prosjektet er den auka rekrutteringa frå skulekorpsmiljøet. Dette er svært gledeleg og viser at arbeidet med å marknadsføre prosjektet mot denne målgruppa har gitt resultat.

Les mer om aktiviteten her:
www:sumarkorps.no

Foto: Sunnhordland Sumarkorps
Foto: Sunnhordland Sumarkorps